Dragseidet, med utsikt over Vanylvsfjorden ( fra spelet "På Sverdeggja")

 

Gamal ferdselåre

Dragseidet har hatt ein sentral plass i «kystvegen» si historie. Vegen over Dragseidet er svært gamal, og i tidlegare tider drog dei båtar over eidet, står det i soga. Vegen vart rekna som «tjodveg» alt frå vikingtida. Soga fortel at dei sjøfarande i uminnelege tider har drege båtane sine over dette eidet. Derifrå kjem namnet Dragseidet. Det er funne lunnar i myrane langs traseen over eidet, noko som stør soga på dette punktet. Alternativet til båtdraginga kunne vere vekelang ventetid på godt ver.

Midt på 1600-talet vart det organisert skysstell i Noreg, både på sjø og land.På denne tida var det berre vegane over Filefjell, Manseidet og Dragseidet som kan kallast riksvegar i Sogn og Fjordane.

Frå siste halvdel av 1800-talet og fram til 1916 var det organisert skyss over eidet samordna med båtskyss på sørsida og nordsida. Betre samband over Dragseidet har det aldri vore.

Steinkrossen
I denne tida (1913) vart det reist ein stort steinkross på Dragseidet, til minne om kristninga i 997. Bilete frå denne hendinga syner at svært mykje folk var samla til avdukinga av steinkrossen. 25.mai 1997 var på ny mykje folk samla på Dragseidet. Som ein del av 1000-års-feiringa for kristninga var det friluftsgudsteneste og premiere på friluftspelet «På Sverdeggja». Omlag 10.000 menneske var samla på fjellet denne dagen, mellom dei Hans Majestet Kong Harald.

Tilbake til stadt-siden

Tilbake til hovudsiden