Forliset til Sanct Svitun.

 

Ved ei feiltaking vart hurtigruteskipet Sanct Svitun bomba av allierte fly ute på Ervika om ettermiddagen torsdag den 30. september 1943. Grunnen til at den vart bomba var at då den kom nordfrå til Ålesund hadde den med ein tysk soldstkontingent på 50 mann. Desse soldatane gjekk imidlertid i land i Ålesund og tok ein annan båt Havda, sørover. Sanct Svitun gjekk frå Ålesund ca ein time etter Havda. Dette båtbyte viste dei allierte ikkje om.

Det var ein grå og kald haustdag med sørvest kuling og tung sjø. Hurtigruta stampa seg sørover og kasta på seg i bårene og krappsjøane frå Bukkatjuvane og lossa. Då skipet var kome mellom Vossa og Bukolmen kom dei seks allierte flya og slepte sine fyrst josforbomber. Dei svinga seg innover bygda og snudde utover att til neste angrep. Kapteinen meiner at dei vart trefte av jernbomber.

Folket i Ervik var ute på åkrane og tok opp poteter og vart dermed augevitner til bombeåtaka.Ervikarane reagerte med ein gong og sprang til nausta. Dei sette på sjøen færing og to store robåtar-seksåringar. Desse vart bemanna med til saman 12 mann. To mann tok med tau og gjekk langs sjøkanten til Likkjehovden for å hjelpe til frå land. Frå land. Frå desse båtane plukka dei opp fleire folk som låg og dreiv i sjøen og nokre som var komne over på ein flåte, desse rodde dei inn til land med.

Sanct Svithun var sett på land på vestsida av Kolbeholmen. Heile midtskiet stod i brann og heten var intens.

Ein av matrosane om bord gjorde ein formidabel innsats då han greidde å symje over til Kobbeholmen og med mykje strev fekk drege ei tjukk trosse over til holmen. På denne trossa var det mange som berga seg over og matrosen sto der og hjalp dei opp. Det var svært vanskeleg å entre seg over på denne trossa. Då sjøen slo mot vraket og velta det mot land kom det slakk i trossa så den nådde heilt ned i havet, så krenga båten attende og trossa stramma seg i eit voldsom rykk.

Etter at folket i robåtane hadde berga så mange som råd var av dei som dreiv i sjøen, tok dei til å berge folk som sto oppe på holmen. Det gjekk føre seg på det viset at dei ”skuta” ned mot holmen når det vart eit lite løje i båra og ropte til ein at dei måtte hoppe. Det hadde lagt lauverk i båten for at folk ikkje skulle gjere seg skade når dei kom ned i den, Ein mann sto bak i laten og tok i mot. Det skal stor lokalkjennskap og dugleik til for å meistre dette.

”For oss på holmen slo det som et under at det lot seg gjøre å bli berget. Kun folk ved havet utenfor stuedøra og generasjoner kamp for det daglige brød, kan handtere en båt med slik overlegen sikkerhet-og våge å ta sjanser som Ervik-folket tok.” Denne uttalen kom seinare frå ein av dei som vart berga.

Inne på land var det nokre av dei eldre mennene som tok imot, og andre som køyrde med hest og vogn og fekk dei som vart berga i hus. Då var det kvinnene som tok over og gav dei mat og tørre kle. Det var ikkje enkelt å skaffe kle då dette var mangelvare på den tida.

Når det vart mørkt måtte dei gi seg med berginga for kvelden, då hadde dei fått i land ein stad mellom 50-60 mennesker. Resten ca. 20stk. Måtte vere på holmen om natta. Dette vart ei kald og våt natt. Det regna og det var haglbyger, sjøsprøyten sto ofte over dei. Blant dei som måtte vere på holmen om natta var to born, den yngste var berre eit par månedar gamal.

Neste morgon i 7 tida bar det ut att for å berge resten. Sjøen var no grovare så dei kom ikkje inntil med seksåringane. Dei var då tre mann i kvar færing, to rodde og ein tok imot bak og ga ordre når den som skulle bergast måtte hoppe. Så rodde dei over til dei større båtane, avleverte den redda og innatt etter neste. På det viset vart alle som hadde overnatta på holmen berga. Den siste som forlot båten og en siste som forlot holmen var kapteinen.

Ein veit ikkje heilt sikkert, menein reknar med at det vert berga 78-79 menneske. 44 omkom, i tillegg var det ein stadmellom 12-20 tyske soldatar som omkom.

Før vraket glei av grunnen og ned på djupt vatn vart skipsklokka berga, den vart sendt til Stavangerske, og fekk fylgjande innskrift: ”Til Ervikfolket, i erkjentlighet for redning av menneskeliv i anledning Sanct Svitun`s krigsforlis 30 september 1943.”

Klokka kom tilbake som ei gåve frå reiarlaget til Ervik kyrkje og gjer teneste som kyrkjeklokke.


Tilbake til stadt-siden

Tilbake til hovudsiden